I samband med innfasing av ny innsatsuniform i Sivilforsvaret vil vi nå starte innhenting av størrelsar hos Sogn og Fjordane sine tenestepliktige mannskap.
For å vera førebudd på utrulling av ny uniform vil Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt (SF.SFD) starte innhenting av størrelsar på distriktet sitt tenestepliktig mannskap.
Det vil bli føreteke måltaking etter eige skjema på øvingane utover 2010.
Dei som har søkt og fått fritak frå øving vil bli teke hand om pr post / mail. Alle innsamla data vil bli konvertert til rett størrelse og lagra ved distriktet i påventa av klarsignal til å bestille frå Sivilforsvarets sentrallager (SFSL) på Starum.
Kva tid det blir Sogn og Fjordane sin tur er det for tidleg å seia noko sikkert om. Utrulling av ny uniform vil starte opp i Nord Noreg i veke 16 - 2010, for så å bevega seg sørover i landet etter kvart som avdelingane blir fylt opp.
Kontaktperson: Stein Morten Rønningen
SF-adjutant
tlf. 576 28 860 Mobil: 474 87 939
stein.morten.ronningen@dsb.no