Sivilforsvaret
03.11.2011

Sivilforsvaret sine tenestepliktige ”blir kledde opp” for 11 000 kroner

Med ekstraløyvingar og inntekter frå eigedomssal i tillegg til ordinære budsjett er det håp om at alle Sivilforsvaret sine 8000 tenestepliktige i løpet av 2012 skal væra utstyrt med ny innsatsuniform og personleg verneutstyr.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har intensivert arbeidet med nyinnkjøp, etter at regjeringa tidlegare i haust tok initiativ til å styrke Sivilforsvaret med 30 millionar kroner.

Sivilforsvaret i ”new look”
Kvar enkelt tenestepliktig vil få ein personleg utrustning til over 11 000 kroner, med hjelm, støvlar, innsatsuniform (skalbekledning), kort og langt undertøy, jakke (mellombekledning), feltlue/caps, vinterlue og vinterhanskar.

Sjå heile artikkelen på www.sivilforsvaret.no/Aktuelt/Sistenytt

Kontaktperson:
Stein Morten Rønningen
SF.SFD
57 62 88 60/474 87 939

Sivilforsvaret i new look