Sogn og Fjordane SFD er med på neste utrulling av ny uniform til alle tenestepliktige mannskap. Siste melding frå direktoratet (DSB) er at leveransen er noko forsinka frå leverandør.
Etter opphavleg plan skulle leveransen med uniformer til mellom anna Sogn og Fjordane bli levert til sentrallageret på Starum (SFSL) i slutten av september. Leverandøren Viking Life-Saving Equipment har meldt frå at dei ikkje klarar å levera til SFSL før seinast i veke 48. Dette vil vidare medføre forsinkingar med leveransane ut til distrikta.
Vi i Sogn og Fjordane satsar på at vår opphavlege plan kan følgjast, og at vi kan starte med utlevering til mannskap i løpet av vårøvingane 2012.
Info og utleveringsplan vil koma så fort vi veit meir om leveringstidspunkt.
Kontaktperson:
Stein Morten Rønningen
57 62 88 60/47 48 79 39
stein.morten.ronningen@dsb.no