Sivilforsvaret
09.04.2010

Vårens vakraste eventyr

Det er vår i lufta, og igjen er det tid for omlegging til sommardekk på distriktet sin bilpark.

Distriktet minner om at det igjen er tid for å legga om til sommardekk på avdelinganes køyrety. Sivilforsvaret er underlagt vegtrafikkbestemmingane på lik linje med andre som ferdas på norske vegar, og følgjande gjeld ved bruk av piggdekk:
"Bruk av piggdekk eller kjetting er ikkje tillate i tida frå og med første måndag etter 2. påskedag til og med 31. oktober. I Nordland, Troms og Finnmark er tilsvarande periode frå og med 1. mai til og med 15. oktober. Det er ingen fristar knytte til bruken av piggfrie vinterdekk."

SMS med påminning er sendt ut til alle materiellansvarlege. Den enkelte meldar tilbake til distriktet så fort oppgåva er utførd.

Kontaktperson:
Stein Morten Rønningen
SF-adjutant
Tlf: 57628860 Mobil dir: 474 87 939
stein.morten.ronningen@dsb.no


 

Tid for hjulskift