Som del av ei landsomfattande varslingsprøve onsdag 09. juni gjennomførde Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane ein vellukka test av alle anlegg i fylket.
Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt har ansvar for drift og vedlikehald av 17 varslingsanlegg i Sogn og Fjordane fylke.
Under den landsomfattande varslingsprøva onsdag 09. juni 2010 blei 16 av dei 17 anlegga utløyst med FLYALARM kl 1200, etterfølgt av FAREN OVER kl 1205. Anlegget på Raudeberg i Vågsøy er for tida ute av drift pga teknisk vedlikehald.
Kontaktperson:
Stein Morten Rønningen
47487939
stein.morten.ronningen@dsb.no