Sivilforsvaret er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), med hovudkontor i Tønsberg. Direktoratet er underlagt Justis- og politidepartementet.
DSB styrer Sivilforsvaret gjennom Avdeling for brann, redning og sivilforsvar.
Sivilforsvaret er inndelt i 20 distrikt, som i hovudtrekk følgjer fylkesgrensene og politidistrikta. Sivilforsvaret har også eit sentrallager og fem leirar.
Kvart sivilforsvarsdistrikt er leidd av ein distriktssjef. Ved distriktskontora er det totalt 250 fast tilsette. Distriktskontora har den operative og administrative leiinga av sivilforsvarsressursane innanfor sine område. Dei har ansvaret for å rekruttere og øve tenestepliktige mannskapar, handtere materiell og organisere stab for leiing av avdelingane når Sivilforsvaret er i innsats.
Sivilforsvaret har ein operativ styrke på 8 000 tenestepliktige menn og kvinner, fordelte på lokale avdelingar med ulike oppgåver som blir øvde regelmessig:
Fredsinnsatsgrupper (FIG) består av 22 tenestepliktige med kompetanse, materiell og oppgåver for brannsløkking, redningsteneste, førstehjelp, søk, samband og ordensteneste.
Mobile renseeiningar (MRE) består av 24 tenestepliktige med kompetanse og utstyr for vasking av personar som har vore utsette for kjemisk forureining.
Radiac målepatruljar (RAD) består av tre–fire tenestepliktige med kompetanse og utstyr for måling av radioaktivitet. Patruljane gjer rutinemessige målingar for innrapportering til Statens strålevern.
Innsatsgrupper (IG) og innsatstroppar (ITR) består av tenestepliktige med kompetanse og materiell til å kunne forsterke fredsinnsatsgruppene. Innsatsgruppene har 70–80 tenestepliktige fordelte på tre innsatstroppar. Mange stader er det lokalisert berre innsatstroppar.
I tilfelle krig kan Sivilforsvaret kalle inn ein reservestyrke på ytterlegare 8 000 tenestepliktige.
Se også: Ny operativ organisering av Sivilforsvaret