Sivilforsvaret

Forsikringar

Eigne forsikrings- og erstatningsordningar for tenestepliktige.

Tenestepliktige som blir skadde, eller pårørande til ein tenestepliktig som blir skadd eller har omkomme, kan ha krav på eingongserstatning og eventuelt erstatning etter yrkesskadeforsikringslova. Desse ytingane kjem i tilegg til rettar ein har etter folketrygdlova. Andre erstatningsordningar kan også vere aktuelle.

Ta kontakt med sivilforsvarsdistriktet for nærmare orientering.

Tap av gjenstandar som ikkje er nødvendige for tenesta i Sivilforsvaret, blir ikkje erstatta.

Kva gjer eg når skaden har skjedd?
Ta straks kontakt med sivilforsvarsdistriktet for å få registrert skaden som yrkesskade. Forseinka varsel av skade får innverknad for erstatninga.

Ved seinskade må du ta kontakt med sivilforsvarsdistriktet ditt. Her kan du få kopi av helsepapira dine og eventuelt tidlegare utfylte skademeldingar som er registrerte hos Sivilforsvaret.

Foto: Paal André Schwital

Foto: Paal André Schwital