Sivilforsvaret

Varsling av befolkninga

Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare.
I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep.

Rundt om i landet er det plassert ca. 1 250 varslingsanlegg, dei fleste i byar og tettstader. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga.

Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni. Varslingsanlegga kan enkelte gonger bli utløyste på grunn av feil. Ved slike hendingar er det ønskjeleg at ein melder frå til nærmaste sivilforsvarsdistrikt omgåande.

Kontaktinformasjon til ditt sivilforsvarsdistrikt finn du på distriktenes eigne sider.

Ved industrianlegga i Grenland og Sarpsborg er det utarbeidd planar for varsling ved gassulykker. Informasjon om dette blir gitt lokalt, eventuelt ved å kontakte sivilforsvarsdistrikta:

Telemark
Østfold 

Ved vassmagasin i Sirdal er det utarbeidd planar for varsling ved flaum/dambrot. Informasjon om dette blir gitt lokalt, eventuelt ved å kontakte:

Vest-Agder