Under mottoet ”Help the helpers” har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennom Sivilforsvaret utvikla opplegg for støtte ved humanitære katastrofar i andre land.
Siste: Haiti-operasjonen
Norwegian Support Team etablerer og driftar komplette teltleirar for hjelpearbeidarar i katastrofeområde. Norwegian UNDAC Support gir sambands- og IKT-støtte. Bistanden er finansiert av Utanriksdepartementet, som eit ledd i offisiell norsk nødhjelp. Ulike FN-organisasjonar har vore dei største brukarane av tenester frå Norwegian Support Team og Norwegian UNDAC Support.
Innkvartering i teltleirar
Norwegian Support Team gir forpleiings- og forlegningsressursar for 40–100 hjelpearbeidarar. Mannskapane som er knytte til Norwegian Support Team, kjem frå Sivilforsvaret, nødetatane og ei rekkje andre yrke. Dei står i ein personelldatabase som tel om lag 75 personar. Deltakinga er frivillig. Materiellet blir lagra, og den praktiske tilrettelegginga skjer ved Sivilforsvarets sentrallager og Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter på Starum syd for Gjøvik. Norwegian Support Team vil i løpet av 48–72 timar kunne reise ut i innsats.
Norwegian Support Team har vore i oppdrag for FN i Albania, Guinea, Tadsjikistan, Iran, Indonesia, Pakistan, Somalia og Haiti.
Rekruttering
Beredskapsstyrken for Norwegian Support Team består i dag av ein pool på om lag 75 personar som er rekrutterte frå både nødetatane, Sivilforsvaret og det private næringslivet. Medlemmene har hovudsakleg handverkarbakgrunn, som elektrikarar, snikkarar, røyrleggjarar, kokkar, sjukepleiarar og liknande. Godt motiverte og kvalifiserte personar er velkomne til å melde si interesse til Oppland sivilforsvarsdistrikt, tlf. 64 14 10 00. Ein bør ha førebudd ein CV som beskriv utdanningsbakgrunnen og arbeidserfaringa, før ein kontaktar distriktet.

Sambands- og IKT-støtte
Norwegian UNDAC Support består av ei mindre gruppe IKT-ekspertar med skreddarsydd, mobilt utstyr, og kan raskt støtte FN og andre organisasjonar med IKT-ressursar. Norwegian UNDAC Support er oppretta med tanke på å støtte FNs krisevurderingsteam (United Nations Disaster Assessment and Coordination), men blir også stadig brukt ved FN-kurs over heile verda.
Materiellet blir lagra, og mykje av tilrettelegginga skjer ved Sivilforsvaret i Oslo – på Grorud. Utsendingstida er 6–24 timar. Norwegian UNDAC Support har sidan slutten av 1990-talet vore i innsats for FN i mellom anna Eritrea, Algerie, Haiti, Guatemala, Thailand, Pakistan, Honduras, Karibia og Namibia.
