Sivilforsvaret

Tilfluktsrom

Tilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skadar på befolkninga som følgje av krigshandlingar. I Noreg er det om lag 25 000 tilfluktsrom, med plass til cirka 2,5 millionar menneske.

Tilfluktsrom er plasserte i dei områda der ein reknar med at behovet er størst.

Offentlege og private tilfluktsrom
Offentlege tilfluktsrom er bygde for å kunne gi vern for allmenta, ved at dei menneska som måtte vere i nærområdet, kan søkje vern i ein beredskapssituasjon. Det er kommunane som eig og held ved like offentlege rom.

Private tilfluktsrom er bygde og dimensjonerte for å kunne gi vern for dei menneska som normalt oppheld seg på eigedommen der tilfluktsrommet er. Dei er i privat eige. Eigaren har ansvaret for vedlikehald.

Vern
Generelt kan det seiast at dei fleste vil redusere skadeverknadene frå konvensjonelle våpen, dvs. skadar som følgje av trykkbølgjer og splintverknader.

Der det er installert mekanisk ventilasjon med ABC-filter, vil også skadeverknadene frå kjemiske og biologiske våpen bli reduserte. Mange rom vil også medverke til å redusere strålinga frå radioaktivt nedfall, og i nokon grad direkte stråling under kjernefysiske sprengingar.

Tilsyn
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Sivilforsvaret har ansvaret for tilsyn med både offentlege og private tilfluktsrom.

Standarden på romma varierer som følgje av at dei er bygde under ulike forskrifter, og varierande grad av etterhengjande vedlikehald. Stortinget har bestemt at eksisterande tilfluktsrom skal oppretthaldast.