Historia til Sivilforsvaret

Historia til Sivilforsvaret går tilbake til 1936, då det blei oppretta eit sivilt luftvern for vern av sivilbefolkninga.

Den spanske borgarkrigen

Den spanske borgarkrigen var den utløysande faktoren for at det sivile luftvernet blei oppretta, men også erfaringane frå den første verdskrigen spelte inn. Justisdepartementet utarbeidde i løpet av få veker eit lovforslag om "foranstaltninger av ikke-militær art mot luftoverfall". Loven tredde i kraft 10. juli 1936.

Våren 1937 blei den spanske byen Guernica bomba og utsletta. Bombinga innebar ei ny, omsynslaus form for krigføring. "Krigen er så og si blitt utvidet til sivilbefolkningen", skreiv Justisdepartementet då dei nye reglane for det sivile luftvernet blei lagde fram i ein kongeleg resolusjon i august 1937.

Luftvern i byar og tettstader

Det blei oppretta 27 luftvernkretsar i byar og tettstader. Alle byar med over 10 000 innbyggjarar i Sør-Noreg og over 5 000 i Nord-Noreg blei eigne luftvernkretsar. Talet på kretsar auka til 31 før 1940 og til 42 i 1945. Kvar krets fekk ein sjef for kvar tenestegrein: brann, sanitet, varsling og samband.
Dei største kommunane oppretta eigne luftvernkontor. Politimeistrane hadde det øvste formelle ansvaret i kretsen. Eit eige kontor i Justisdepartementet skulle ta seg av luftvernsakene, og ei eiga landsnemnd skulle gi råd ("Landsnemda for Det Civile Luftvern").

Varsling, evakuering og tilfluktsrom

Det blei tidleg klart at varsling, evakuering og tilfluktsrom var tiltak for luftvernet. Offentlege tilfluktsrom blei ei statsoppgåve, men huseigarane blei sjølve pålagde å kjøpe utstyr til brannsløkking. Justisdepartementet nemnde opp eit eige evakueringsutval. Luftvernkontoret nemnde også opp eit sanitetsutval. Staten betalte innreiing av førstehjelpsstasjonar, materiell og administrasjon. Eigne bilar blei rekvirerte frå private etter behov. Allereie før krigen hadde alle luftvernkretsar sirener for å varsle befolkninga.

Alt ansvar var likevel ikkje offentleg. Større bedrifter hadde opp gjennom åra bygd opp sin eigen beredskap mot ulykker og brannar, og dette fekk også lokalsamfunna nytte av. Hausten 1938 godkjende Justisdepartementet planar for vern av rundt 160 bedrifter.

I begynninga satsa ein på frivillige, men rekrutteringa gjekk for sakte. Det blei skrive ut ei provisorisk forordning om at alle mellom 18 og 65 år kunne tvangsutskrivast, med unntak av vernepliktige, offentlege tenestemenn, fruktbare kvinner og kvinner med små barn. Ein rakk likevel ikkje å fylle rekkjene før 9. april 1940.

Den andre verdskrigen

Etter den første flyalarmen i Oslo 9. april 1940 skjedde det meir med det sivile luftvernet rundt om i landet i løpet av timar og dagar enn det hadde gjort dei siste fem åra. På mindre enn sju veker var det innreidd vern for over 60 000 menneske i Oslo. Trondheim fekk nye tilfluktsrom for 1 400 menneske i løpet av ei veke.

I mars 1941 tok det tyske politiet kontroll over luftvernet, men i praksis heldt det sivile luftvernet fram med å vere ein norsk, anti-nazistisk organisasjon gjennom heile krigen, der norske motstandsfolk kunne gjere legal teneste. I 1944 blei leiinga av det sivile luftvernet arrestert av tysk politi, men dei nærmare 40 000 mannskapane i luftvernet heldt fram med den samfunnsviktige oppgåva si heilt til krigen var over.

Etter krigen

I 1946 begynte oppbygginga av eit nytt sivilt forsvar. Den nye organisasjonen blei mellom anna basert på såkalla fjernhjelpkolonnar, som skulle gi hjelp til område der det anten ikkje var sivilforsvar, eller der øydeleggingane kunne forventast å bli svært store.

I 1947 fekk Noreg ei ny, mellombels lov om sivilforsvar. Lova blei supplert i 1949, etter at jernteppet delte Europa. Det nye sivilforsvaret heldt fram med å vere sivilt, underlagt Justisdepartementet. Den lokale leiinga blei som tidlegare tillagd politimeistrane.

Oppbygginga av Sivilforsvaret gjekk fort, og ein fekk lovfesta rett til å skrive ut mannskapar. Forsvarskommisjonen av 1946 understreka at det var blitt absolutt nødvendig med eit sivilforsvar som alltid var i beredskap.

Sivilforsvaret fekk ei ny lov 17. juli 1953. Same år fekk Sivilforsvaret sin eigen sentrale skole på Grorud i Oslo. Denne blei i 1969 flytta til Heggedal i Asker. Det var stort opplæringsbehov i ein organisasjon som på det meste omfatta over 80 000 menneske.

Modernisering og omstilling

Sentralleiinga i Sivilforsvaret blei i 1970 flytta frå Justisdepartementet til det nyoppretta Direktoratet for sivilt beredskap. Sidan 1990 har arbeidet vore mest retta mot oppgåver i fredstid, med modernisering og omorganisering av Sivilforsvaret.

Etaten framstår no som ein statleg forsterkingsressurs for nød- og beredskapsetatane ved handtering av store og spesielle hendingar – ein viktig aktør i den norske redningstenesta.

Slik Noreg bruker Sivilforsvaret i fredstid, er det ei rimeleg forsikring for at samfunnet har folk og materiell å setje inn når andre ressursar ikkje strekkjer til. Samtidig tek Sivilforsvaret hand om ei rekkje andre oppgåver.

Opplæringa skjer i dag ved Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter på Starum i Oppland.

Sidan 1. september 2003 er Sivilforsvaret underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), med hovudkontor i Tønsberg.