Varsling av befolkninga
Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep.
Rundt om i landet er det plassert ca. 1 250 varslingsanlegg, dei fleste i byar og tettstader. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga.
Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni. Varslingsanlegga kan enkelte gonger bli utløyste på grunn av feil. Ved slike hendingar er det ønskjeleg at ein melder frå til nærmaste sivilforsvarsdistrikt omgåande.
Blir gitt med tyfoner slik: Tre signalserier med ett minutts opphold mellom seriene. Tuting i tre serier med ett minutts opphold mellom seriene. Betyr: Søk informasjon. Informasjon om hva som skjer og hvordan en skal forholde seg gis gjennom ulike media , f. eks. radio, tv, myndighetenes nettsider, sosiale medier mv. Signalet vil kunne bli brukt både i fred og krig. Det er dette signalet som Sivilforsvaret øver hver vinter og sommer i fredstid.